Om Oss

Fusa Turlag vart skipa 6. februar  2013, og er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag. Det vil sei at alle som er

medlem

i Bergen og Hordaland turlag, eller direktemedlem i DNT – også er medlem i Fusa Turlag. Laget har om lag 200 medlemmer, noko som gjer Fusa Turlag til eit av dei største laga i Fusa.  

Styret ynskjer god kontakt med medlemmene i laget, både for å informera om aktivitetar og å få tilbakemelding. Me vil difor oppmoda alle DNT-medlemmer i Fusa om å senda epostadressa si til terje.raunsgard@gmail.com. Då vil de få oppdatert informasjon om kva som skjer. De kan også  fylgja Fusa Turlag på Facebook og  på her på Fusa Turlag si heimeside. 

Men aller helst ynskjer me at fusingane fylgjer oss på tur rundt om i fusanaturen.